Gå til innholdet
Se også

Brownies med valnøtter og havsalt

Eg har enda ikkje møtt ein person som ikkje elskar brownies. Denne er spesielt god med havsalt og valnøtter på toppen, ein litt vaksnare variant!

Søtt og godt
Enkel
1 time
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

6 dl grovhakka mørk sjokolade (rundt 4 pk kokesjokolade)
330 g smør
9 ss kakaopulver
9 egg
9 dl brun farin
3 vaniljestenger
1,5 ts salt
7,5 dl mjøl
6 dl valnøtter
havsalt

Slik gjør du det

  1. Sett omnen på 175 grader. Rist valnøttene ved å legga dei på eit bakebrett og baka dei midt i omnen i 8-10 minutt. Smør ei form på 30x40 cm og kle den så generøst med bakepapir. Skrap ut frøa i vaniljestanga og ha dei i ei stor skål.
  2. Smelt sjokoladen saman med smøret over eit vassbad på mellomlåg varme eller i ein mikrobølgeomn på maks 350W. Det er viktig å smelta sjokoladen sakte og ikkje svi den. Om du brukar mikrobølgeomn, køyr den i 30 sekund, rør og køyr den så igjen. Når du har ei heilt glatt røre, bland i kakaopulveret og la det kjøla seg litt ned. 
  3. I den store skåla, pisk egg og brunsukker saman med vaniljefrøa til du har ei jamn blanding. 
  4. Tilsett sjokoladen litt og litt medan du piskar godt. Ha til slutt i salt og mjøl, og velt det forsiktig inn i blandinga. Rør kun til du ikkje lenger kan sjå mjølklumpar, da er røra klar. 
  5. Hell røra oppi forma og bruk ein sleikepott til å dra den utover så den blir jamn og glatt. Knus valnøttene i håndflata og strø over. Strø til sist havsalt over.
  6. Bak midt i omnen i 30-35 minutt, og la den kjøla seg ned litt før du kuttar i den. I ein tett boks i kjøleskapet held den seg saftig og god i 3-4 dagar. Eit anna tips for det som blir til overs: kutt det opp i terningar og frys i ein pose, det er perfekt til vaniljeis!


Omskrive og omgjort til norske forhold etter denne oppskrifta. Denne kaka er veldig stor (30x40 cm), og ein kan med stort hell laga ein mindre versjon ved å ta ein tredjedel av alt i oppskrifta over her. Hugs då å bruka ei form som er 20x20 cm istaden eller å drastisk redusera steiketida.

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat