Gå til innholdet
  • Foto: Mariell Øyre

Amerikanske pannekaker

Pannekaker eg har drømt om om natta, og no kan eg laga dei sjølv!

Søtt og godt
Enkel
30 min
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

6 dl mjøl
2 ts bakepulver
1 dl sukker
0,5 ts salt
4 egg, separert
4,5 dl mjølk (lett eller heil)
110 g smør, smelta
2 ts vaniljesukker
Ekstra smør til steiking, etter behov
Bær, frukt og lønnesyrup til servering

Slik gjør du det

  1. Sikt mjøl, sukker, bakepulver, salt og vaniljesukker over ei stor skål. 
  2. Pisk eggeplommer, mjølk og smelta smør i ei anna skål til du har ei jamn blanding. 
  3. Tøm det blaute oppi det tørre, og bland forsiktig. Poenget her er å ikkje overblanda, røra skal vera klumpete. 
  4. Pisk eggekvitene til dei er fluffy, dei skal holda formen sin men ikkje bli stive. Ha halvparten av eggekvitene oppi røra, og bruk ein sleikepott til å bretta dei inn. Igjen, me går for store klumpar av eggekvite og ikkje ei jamn røre. Ha i resten av eggekvitene, og gjer det samme med dei. 
  5. Varm ei stor steikepanne (eller ei takke, om du har!) til mellomhøg varme. Om du treng, kan du bruka ekstra smør i panna, men smøret i røra skulle holda til at dei ikkje sit fast i panna. Bruk ytterst lite, gjerne på eit papir som du berre drar over steikeoverflata. 
  6. Bruk ei skei til å overføre røra til panna, etter min smak ca 2 ss per pannekake, men her meiner eg ein får bruka eigne preferansar! Når dei startar å bobla litt, snu dei og steik på den andre sida. Dei skal vera lett gyldenbrune. 

Server med frukt, bær og lønnesirup. For ekstra stas kan du laga heimelaga smørsyrup: smelt nokre spiseskeier smør over mellomhøg varme, og ha så nokre spiseskeier lyr syrup i. Sett på høgare varme, og la det bobla opp under omrøring. 

Oppskrift omsett etter Clinton Street Baking Co.

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat