Gå til innholdet
okologisk-bloggarar-mariell-oyre

5 bloggar med øko-inspo!

Skrevet av Mariell Øyre den 3.6.2015

Eg har samla ei liste over fem fine øko-bloggar der du kan finna blant anna produktanbefalingar, økologiske reingjeringsprodukt og deilige oppskrifter!

Think Organic
Min favorittblogg om alt som er økologisk, frå produkt til klede til meir informasjonsinnlegg om økologi. Kvar veke har dei ei liste med godt og blanda frå øko-verda, superinspirerande.

Birgitte Magnussen
Vår eigen Birgitte Magnussen bloggar óg på eige domene, der skriv ho om økologi i mange former: mat, hudpleie, kosmetikk og hushold! 

Green Kitchen Stories
Inspirerande matblogg med fokus på økologisk, sesongbasert og vegetarisk mat. Og bonus for vanvittig vakre fotografi! 

Organic Beauty Blogger
Eg trur eg har mange med meg som óg tykkjer det er vanskeleg å navigera verda for økologiske hudpleie- og sminkeprodukt. Min favorittblogg for dette er Organic Beauty Blogger, ho bloggar med freshe bilder om økologiske produkt i alle kategoriar.

Julies Matblogg
Julie bloggar hovudsakleg om mat, men óg om sminke og hudpleie, som oftast økologisk! 

Mariell Oyre portrett

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat