Gå til innholdet
Doffen-og-Olav

Tilbake på Olavsgard

Skrevet av Eli Strand den 8.6.2020

Meir enn 8 år etter at han var elev på Alrekstad skole og fekk undervisning på Olavsgard, er Kristoffer «Doffen», tilbake på garden der han var elev som 16-åring. Han takkar Olav og Inn på tunet for at det har gått han så bra i livet.

Gode minner

Doffen-og-Olav-med-lastebil
TRAILERSJÅFØR: Doffen har tatt fagbrev for tunge køyretøy og viser stolt fram traileren.

Det blir eit møte med både tuting og klemming når den tidlegare eleven kjem inn på tunet for å sjå igjen sin gamle lærar, Olav Brakestad.

Kristoffer, eller Doffen som han likar å kalle seg, gjer sin entre i ein nyvaska trailer og tutar høglydt når han køyrer inn på tunet.

Det var ikkje gitt at det skulle gå så bra med 24-åringen som no har både kjærast, jobb og alt på stell. I den tida han gjekk på Alrekstad skole og var på garden til Olav, var han prega av mykje uro etter ein vanskeleg barndom.

-Eg var full i ADHD og sleit i tillegg med dysleksi, så det var ikkje så mange som trudde det skulle gå så bra med meg. Men her på garden fekk eg brukt energien min på noko positivt, og eg fekk lov til å prøve og feile, seier Doffen.

Han innrømmer samtidig at han ikkje alltid var mors beste barn i tida på Olavsgard.

-Det hendte vel at eg tjuvkobla traktoren eller stakk av med båten, ler han.

-Det var nok ikkje alle dei vaksne som var like glad i meg heile tida, men i dag er eg stolt over at eg har kome meg over kneika og fått både fagbrev, jobb og til og med ei dotter på to år.

Olav har betydd mykje for meg, og har vore med på å forma meg til den eg er i dag. Han er ein topp kar som alle blir glad i, sjølv om han kan vere litt streng, seier Doffen.

Nødvendig arbeid

Doffen-med-oeks
ARBEIDSKAR: Doffen har ikkje gløymt korleis han kløyver ved.

Olav er meir enn berre litt stolt når han høyrer og ser kor bra det har gått med Doffen.

-Det varmar meg langt inn i hjerterøtene å sjå at han har klart seg så bra i livet. Eg håpar og trur at eg har vore med på å forma han til den flotte unge mannen han har blitt, men først og fremst er det han sjølv som har henta fram dei indre kreftene og klart å ta fagbrev og skaffa seg fast jobb. Vi andre har berre vore støttespelarar på vegen.

På Olavsgard skjer mykje av undervisninga utandørs med vedhogst og anna nyttig arbeid.

-Eg trur mange av dagens ungdomar ikkje er van med å gjere nyttig arbeid og her på garden får dei enkle, men heilt nødvendige oppgåver, seier bonden og læraren.

Han er også glad over å sjå at Doffen framleis kan å hogge ved, mate dyra og til og med starte den gamle traktoren.

Det einaste dei to ikkje heilt blir samde om er musikken i sauefjøset, der det helst går i klassisk musikk. Doffen hadde nok helst sett at dei spelte countrymusikk eller litt meir rocka musikk.

Men sauene ser ut til å like det.

-På garden er det både storfe, sauer, kaniner og høner

  • Mykje av undervisninga skjer i fjøset og utandørs, men også i ein låve som er innreda som eit klasserom

Sjå film her