Gå til innholdet
innpaatunet-angedal
Hos Martha Angedal (t.v) får born, unge og vaksne omsorgstenester

Får langvarig mjuk omsorg på Angedal

Skrevet av Inger Eide Nordseth den 26.2.2019

- Vi er glad i både dei som jobber her og dyra på garden, og det har betydd masse for oss at vi har fått lov å vere her lenge nok til at vi turte å vere oss sjølv, at det ikkje berre var nokre veker.

innpaatunet-angedal-ansatte
Det er 20 tilsette på garden.

 Det sier ein av brukarane som har tilbod på Inn på tunet garden Angedal i Førde. Martha Angedal eig garden og er daglig leiar for garden som tilbyr omsorgstenester til born, unge og vaksne.

Ho starta som Inn på tunet tilbydar i 2008 , då hadde ho brukt to år på etableringsprosessen. Ho tok sosinomutdanning i Halden for å få moglegheit til å bruke garden til å tilby omsorgstenester.  Seinere overtok ho garden frå foreldra sine.
- Eg trur utdanninga mi er ein allsidig kompetanse og at det greit å ha med seg ein fagleg ballast. I tillegg hadde eg trua på at eg kunne bruke garden og dyra til noko, fortel Martha Angedal.
 
Tilboda er tilpassa
På garden er det 17 årsverk og  20 tilsette og sjølv bur Martha i Førde sammen med familien sin.
Det er alltid masse folk og aktivitet på tunet. Dei ønsker å gi brukarane ein innholdsrik kvardag. Dei har dyr som kyr, alpakka, kaninar, minigrisar, høner og katt.
- Det er ikkje noko hokus pokus. Brukarane er med på dyrestell.  Vi har gardsutsal og mykje av arbeidet er sesongarbeid. Det som er viktig er at aktivitetene blir tilpassa etter dagsform. En brukar kan bruke ein time på å stelle kaniner, og det skal dei få lov til,  fortel Martha.
Dei prøver å sjå behova og ønska til den enkelte.

Besøk gjerne  nettsida eller facebook sida til Angedal.
innpaatunet-angedal-dyr
-Det som er godt med dyra er at dei forventa det samme av alle, enten du er sjuk eller frisk, og dei tåler deg sånn du er

Dyra forventer det same av alle
To jenter har vore fleire år på garden og fortel at garden og personale er blitt viktige for dei.
- Det er godt, og av og til litt slitsomt, med alle dei forskjellige oppgavene som skal gjerast i løpet av ein dag. Dyra er heilt avhengig av oss for å få mat og for å bli reine, og sjølv om det ikkje alltid frista å gå ut i all slags vær, så gir det ein veldig god følelse å stelle dei, og vi blir alltid, nesten, i bedre humør når vi er komt ut og begynt med oppgåvene, og når vi ser kor glad dyra blir for at vi kjem til dei. 

Det som er godt med dyra er at dei forventa det samme av alle, enten du er sjuk eller frisk, og dei tåler deg sånn du er, så lenge dei får kos og mat. Det er også fint å lære om dyra, og kor forskjellige dei er, og at dei ofte har en eigen personlighet. 

innpaatunet-angedal-kanin

Har knekt ein kode
Dei lærer ikke berre om dyr på garden.
- Vi lære om maskiner og vi får lov å ta kurs og sertifikat uten at vi må sitte i eit klasserom der alt er berre teori. Om vinteren må vi måke snø, og om våren og høsten er det masse som skal gjerast klart. Vi får også lov å tene litt penger på noko av det vi er med på, for eksempel ved og egg, og det er litt kult å faktisk tjene egne penger, sier dei. 

Martha Angedal har knekt ein kode. Ho får brukarene som skuleverket har gitt opp.
- Det er utfordringar men desto kjekkare når man får det til. Det er nesten litt trist og sjå kor lite som skal til for å knekke koden. Å sjå at eleven får muligheten dei ikkje kan få med 30 andre i klassen, avslutter Martha Angedal.