Gå til innholdet

BJÅEN FJELLGARD ANS

Foretak:
BJÅEN FJELLGARD ANS, BJÅVEGEN 1, 4755 Hovden i setesdal
Driftsenhet:
42220075 02
Orgnr:
969250918
E-post:
Webside:
Telefon:
97155908
Mobil:
97155908
Kommune (nr):
Bykle (4222)
Fylke:
Agder
Status Matmerk:
Godkjent fra 05.11.2017
Godkjent: Tilbyder har hatt revisjon på sitt tilbud og tilfredsstiller de krav som settes til Inn på tunet

Har tilbud i følgende kategorier:

Andre tjenester, Barn og unge, Arbeidstrening og rehabilitering
Andre tjenester Barn og unge Arbeidstrening og rehabilitering

Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt:

Ragnhild Bjåen Tlf.: 97155908 post@bjaen.no

Beskrivelse:

Både Bjåen Fjellgard og Bjåen Fjellstove kan nyttast i IPT-arbeidet. Brukarane skal utføre øvingar som er tilpassa brukaren sitt behov og etter t.fastsette læringsmål. IPT-aktivitetane skal vera planlagde i samsvar med brukarar, føresette og skule eller andre institusjonar. Garden og fjellstova kan nyttast i ulike føremål, etter kva individuelle behov ein skal stette. Det skal leggjast vekt på kvalitet og tryggleik i øvingar og undervisningssituasjonar. Ressursar på garden som kan nyttast i IPT: Mennesklege ressursar og kompetanse: Ragnhild og Anders er båe utdanna sivilagronomar frå NLH, Ås (no UMB), med kvar sine fagfelt. Me har også båe undervisningskompetanse og utdanning (PPU) i naturfag, biologi, kjemi, matte og naturbruk. I tillegg har me ein del tilleggsutdanning og kurs: Ragnhild har årseining i folkekunst frå HiT, Entreprenørskap, produksjon og lokal matkunnskap frå Høgskulen i Bergen, årstudie i Matkultur frå Universitetet i Bergen. Har jobba 2 år i Tine som produksjonsrådgjevar, 7 år på Voss Jordbruksskule og sidan 2007 vore sjølvstendig næringsdrivande på Bjåen Fjellstove. Har også ei 28% undervisningstilling i biologi på Hovden VGS. Tok i 2015 over gardsdrifta med mjølkeproduksjon. Anders har også lang er faring frå undervisning- og rektorarbeid frå Skogskulen på Bygland, og har halde mange kurs i restaureringsarbeid og lafting. Har etterutdanning i bygningsvern frå HiST. Har også jobba mange år som sjølvstendig med lafting og restaurering. Er no tilsett på Setesdalsmuseet med ansvar for bygningsvern. Bjåen Fjellgard: Mjølkeproduksjon med mjølkekyr og ungdyr. Omlag 30 mjølkekyr og 45-50 ungdyr. Me bygde i 2015 om fjoset og investerte i mjølkerobot. Dette gjer fjosarbeidet mykje meir fleksibelt, og gjer også drifta meir effektivt. I tillegg har me 3 hestar, ein fjording, ein unghest av lyngshest, og ein shetlandsponni. Desse er vane med born, og kan nyttast etter behov. Me har også høner på tunet. Me har ca 350 daa dyrka mark, samt at me nyttar skog og hei som beite for kyrne. Bjåen Fjellstove: Bjåen Fjellstove er sertifitsert Norsk økoturismebedrift. Bjåen Fjellstove er eit gamalt, autentisk hus der historien sit tett i veggane. Me tilbyr overnatting og servering i tradisjonelle omgjevnadar, og ynskjer å gje gode opplevingar, der formidling av lokal historie, tradisjonar og kultur er i fokus, i tillegg til kunnskap om naturen ikring oss. Me brukar eigne og kortreiste råvarer, som fisk og vilt i serveringa Har godkjent kjøken til matproduksjon, samt serveringslokale. Fjellstova kan nyttast i IPT-samanheng både som læring- og produksjonslokale, og som samlingstad. Utmark og kulturlandskap: Kring og på garden har me mykje fornminne, spesielt etter jarnutvinningsperioden ca. år 800 -1300. Det er også mykje hustufter etter ulike tidsepokar. Utmarka var særs viktig for fjellgardane, både med fisk og vilt, men også dei frodige heiane med gras langt til fjells var svært verdfulle. Det er eit rikt og frodigt planteliv med stort biologisk mangfald, mykje knytt til husdyrbeiting. Mykje av fôret vart henta i utmarka, og dei grasrike myrane vart slege. Me slår kvart år kring 10 da myrslått for å vedlikehalde mangfaldet, og for å lære noko av handverket og teknikken knytt til utmarkslått og stakkesetjing. Me ser for oss at dette også er aktivitetar som kan nyttast i IPT, og knytast opp mot læreplanmål og læringsmål. Fiske og fangst: Fiskevatna er verdfulle for oss, og me fiskar og legg ned rakfisk på hausten. For tradisjonen si skuld har me også bruka å ha garn ute på isen, som er ein tradisjonell fiskemåte frå gamalt av. Snarefangst av rjupe var også tradisjonelt ei viktig næring, og me freistar å halde noko av denne kunnskapen ved like. Dette er aktivitetar me har hatt grupper av studentar frå HiT med på i fleire år.
Matmerk er ikke ansvarlig for de opplysninger tilbyder selv legger ut om eget tilbud eller for nettsider det linkes til fra denne siden.