Gå til innholdet

Bjåen Fjellstove og Fjellgard

Foretak:
BJÅEN FJELLGARD ANS, BJÅVEGEN 1, 4755 HOVDEN I SETESDAL
Driftsenhet:
09410098 02
Orgnr:
969250918
E-post:
Webside:
Telefon:
37939532
Mobil:
97155908
Kommune:
0941 BYKLE
Fylke:
Aust-Agder
Status Matmerk:
Godkjent fra 05.11.2017
Godkjent: Tilbyder har hatt revisjon på sitt tilbud og tilfredsstiller de krav som settes til Inn på tunet

Har tilbud i følgende kategorier:

Barnehage/gårdsbarnehage / tilbud til barnehager og førskolebarn
Skole/Gården som pedagogisk ressurs
Tilrettelagt arbeid/arbeidstrening
Barn og unge Arbeidstrening og rehabilitering

Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt:

Ragnhild Bjåen
Tlf.: 97155908
post@bjaen.no

Beskrivelse:

BJÅEN FJELLSTOVE OG FJELLGARD

GARDEN SOM PEDAGOGISK RESSURS

Bjåen Fjellstove og Fjellgard kan tilby godkjende Inn på tunet aktivitetar til barnehage og skuleklasser, samt til enkeltelevar og mindre grupper innanfor skulen dersom det er ynskjeleg.

Bjåen Fjellgard er landets høgstliggande mjølkeproduksjon, og den einaste mjølkeprodusenten i Bykle kommune Me har ei aktiv og moderne drift. I fjoset er det omlag 80 små og store kyr i lausdrift med VMS (mjølkerobot).

Bjåen Fjellstove kan tuilby kulturhistorie lokalt og regionalt. Huset har i seg sjølv ei lang historie, og er autentisk og lite endra på sidan det vart bygd i 1884. Her ser ein dei ulike tidsepokane i bygg og interiør fram til i dag. Fjellstova kan nyttast som undervisningslokale, og er utstyrt m.a. med prosjektor.

Kjøkenet til storhushald og bakstehuset med tradisjonell stor bakaromn er også ein ressurs som kan nyttast.

Bjåen Fjellstove vart godkjend Norsk Økoturismebedrift i 2008, og vart resertifisert i 2016. Her legg ein vekt på berekraftig drift med miljøperspektiv, der formidling av lokal natur og kultur er ein sentral del.

Me har fjell, vatn, kulturlandskap og fleire kulturminne tett på, og me er opptekne av å nytte dei naturlege ressursane rundt oss på ein berekraftig måte. Dette ynskjer me at også skule- og barnehagar skal kunne ta del i saman med oss.

På garden har me tilsaman gode mennesklege og pedagogiske ressursar:
Eg, Ragnhild, har utdanning som sivilagronom frå NLH / UMB, og PPU i naturfag (biologi, kjemi, matte) og naturbruk. Eg har også vidareutdanning innan Mat, entreprenørskap og reigional utvikling ( Vest-Norsk Kulturakademi, 15 stp), Enreprenørskap i skulen (Høgskulen i Bergen, 30 stp) og Matkultur (Universitetet i Bergen, 60 stp). Frå før av har eg også 60 stp i Folkekunst frå Høgskulen i Telemark, avd. Rauland.

Tilsaman har eg pr. i dag 15 år med undervisningskompetanse, 7 av dei på Voss Jordbrukskule, der undervisninga var knytt opp til skulegardsbruket som pedagisk ressurs.

I tillegg har garden kompetanse i:
Bygningsvern
Gamle handverksteknikkar og verktøy
Lafting
Materialkunnskap
Fiske, jakt og fangst
Foredling av fisk og kjøt, m.a. nedlegging av rakfisk
Pedagogiske ressursar
Litteratur
Tekstil
Ulike handverk- og handarbeidsteknikkar
Læring gjennom handlingsboren kunnskap

Me ynskjer å tilby opplegg som stettar opplæringsmål innanfor skule- og barnehage, og som gjev meistring og gode opplevingar for dei einskilde borna.

Me tilbyr også ulike opplegg, servering og overnatting til privatpersonar og grupper utanom.
Matmerk er ikke ansvarlig for de opplysninger tilbyder selv legger ut om eget tilbud eller for nettsider det linkes til fra denne siden.