Gå til innholdet

ANVED LILLEGRAVEN

Foretak:
ANVED LILLEGRAVEN, VINDALSVEGEN 165, 5736 Granvin
Driftsenhet:
46210081 01
Orgnr:
991479236
E-post:
Webside:
Telefon:
91589273
Mobil:
91589273
Kommune (nr):
Voss (4621)
Fylke:
Vestland
Status Matmerk:
Godkjent fra 22.04.2013
Godkjent: Tilbyder har hatt revisjon på sitt tilbud og tilfredsstiller de krav som settes til Inn på tunet

Har tilbud i følgende kategorier:

Barn og unge, Arbeidstrening og rehabilitering, Helse og omsorg, Andre tjenester
Barn og unge Arbeidstrening og rehabilitering Helse og omsorg Andre tjenester

Er du privatperson og ønsker å benytte tilbudet, kontakt:

Lillian Slettemark. tlf 48 14 20 63.

Beskrivelse:

Velkommen til Vindal Gard. Vindal gard ligg i øvre Granvin. Ca 20 min køyring frå Voss Sentrum. Garden ligg idyllisk og roleg til med flott utsikt ut over Granvinsvatnet. På garden har me 15 vinterfora sau, 12 boergeiter 3 dølahestar, 1 varmblodshest 2 ponniar og ein miniatyrhest. Ellers nokre høner, kaniner, marsvin og 2 kanadiske minigrisar. I 2011 stod det klar ny stall til hest. I denne er det og oppvarma opphaldsrom m/kjøken, selarom m/garderobe og universellt utforma toalett. Me har og ridebane 23*37 og rullestolrampe for påstigning til hest.Me har og eiga leiligheit til døgntilbod/avlastning. Me har drive med « inn på tunet» sidan august 2011. Aktivitetane: Årstidsrelaterte aktivitetar, dagleg stell av dyra og andre gjeremål på garden. Me har og tilrettelagt hesteaktivitet (Handikapriding) vår og haust. Tillegsaktivitetar: Sjøfiske i Granvinsfjorden frå båt. Hobbyaktivitetar. Turar Osv. Tilbodet: Me har både dag og fritidstilbod for grupper og einskildpersonar. Me er optatt av at brukarane skal få meistringsopplevelsar, læra nye ting og ha det kjekt på garden. Dyreassisterte Intervensjoner: Kunnskap om korleis aktivitetar med dyra kan verka helsefremjande og korleis dyra kan brukast aktivt i samhandling med mennesker. Bonden/Dagleg ansvar for tilbodet: Lillian Slettemark. Utdanna hjelpepleier og har tidlegare jobba på heimesjukepleie. Mange års erfaring med hest. Har kursa «handikapleder» 1,2 og 3 frå Starum Norsk Hestesenter og «Bruk av hest i psykososialt arbeid». Lillian har og kurset «Inn på tunet- Kvalitet og sikkerheit» I 2018 og 2019 har Lillian gått på vidareutdanning/kurs på NMBU på ÅS i "Dyreassisterte intervensjoner" Tilsett: Marit Hydle. Utdanna gartnar og har salmakarutdanning frå Starum norsk hestestenter. Vaksen opp på gard og mange års erfaring med gardsdrift og hest. Marit har og kurs innan tilrettelagt riding og har kursa som går haust og vår. Tilsett: Ingvild Kvitne. Utdanna som sjukepleiar. Har og kurset bruk at hest i psykososialt arbeid, Heal og tilrettelagt riding. Tilsett: Hege Tveito. Utdanna barnevernspedagog. Erfaring frå barnevernsarbeid og arbeid i skule. Tilsett: Anita Lekve. Utdanna fysioterapeut, agronom og adjunkt. Har og kurs i grøn omsorg med vekt på terapiriding. I tillegg til desse har me eit knippe med gode vikarar og me har lærling i hestefaget. For meira informasjon ta kontakt med: LILLIAN SLETTEMARK TLF 48 14 20 63 MAIL: lilslett@online.no Sjå gjerne vår facebookside: Vindal Gard.
Matmerk er ikke ansvarlig for de opplysninger tilbyder selv legger ut om eget tilbud eller for nettsider det linkes til fra denne siden.