Gå til innholdet

Villsau frå Norskekysten

Villsau frå Norskekysten er nemninga på kjøtt av sauerasen Gammalnorsk sau som har beita ute langs kysten heile året.

Kjøttet får sitt særpreg frå kombinasjonen mellom rase, driftsform og beiteforholda langs kysten.

Visste du at:
Sauerasen var nær ved å døy ut fleire gonger. Det er berre i Austevoll i Hordaland at den opphavlege stammen av Gammalnorsk sau har overlevd heilt fram til vår tid. Men både på 1950- talet og 1980-talet måtte det redningsaksjonar til for at sauen skulle overleve.

Produksjon og opphav:
All sau av rasen Gammalnorsk sau i Noreg i dag stammar frå Austevoll. Gammalnorsk sau er truleg den siste rest av den opphavlege norske/europeiske landrasen, og var den dominerande rasen i Noreg heilt fram til slutten av 1800-talet. Sauerasen er kjent under mange namn som t.d. villsau og utegangarsau. Sauen er liten og lett, sprek og robust og er godt tilpassa dei harde kåra og naturforholda på kysten. Sauen kan som eit av få husdyr grava seg ned i snøen og få tak i lyngen også om vinteren. Driftsforma med utegang heile året har tradisjonar tilbake til vikingtida.

Korleis blir den produsert:
Hovudføda til sauen om vinteren er lyng, elles et han mellom anna gras, einer, tang og tare.
Kystlynghei er ein særmerkt landskapstype langs den ytre kyststripa på norskekysten. Sidan den er vintergrøn og har brukbar næringsverdi om vinteren, egnar den seg som vinterbeite.

Produserast av Villsau frå Norskekysten PO.

  • Adresse: Villsau frå Norskekysten PO, v/Arild Sunde,
    Pb 14, 5387 Møkster
  • Telefon: 56 18 56 23
  • E-post: post@villsauvest.no
  • Kontaktperson: Arild Sunde

Forskrift: FOR 2010-11-04 nr 1402: Forskrift om vern av Villsau frå Norskekysten som geografisk nemning

 

Villasu på beite på norskekysten
Villsau, stek

Villsau fra Norskekysten