Gå til innholdet

Kurv frå Valdres

Kurv frå Valdres er urøykt spekjepølse laga i samsvar med gammal tradisjon i Valdres.

Den finst i eit mangfald av storleikar og former. Den er kjenneteikna ved ein mørk ytterkant, raudfarga kjerne og søtleg smak.

Visste du at:
I Valdres er det lang tradisjon for å lage spekjepølse. Av oppskriftene som blir brukte i dag, veit vi at nokon kan førast tilbake til ca. 1910, men dei er truleg mykje eldre. Spekjepølse vart laga for å konservere kjøtt og innmat som ikkje vart utnytta på annan måte etter haustslaktinga på gardane.

Produksjon og opprinnelse:
Nemninga ”kurv” har i lang tid vore brukt i Valdres om alle typar spekjepølse. Både kjøttype og mengda av innmat varierte mykje, avhengig av tilgjengeleg råvare og om det skulle lagast festkurv eller kvardagskurv. Kurv frå Valdres omfattar dei tre hovudtypane storfe, småfe eller vilt.

Korleis blir den produsert:
Profesjonelle produsentar har no teke over størstedelen av produksjonen i Valdres.

Særpreget til Kurv frå Valdres skriv seg frå dei naturgitte føresetnadene i Valdres og den tradisjonelle foredlingsmetoden utan bruk av startarkultur. Klimaet i Valdres i foredlingsperioden frå 1. november til 1. april er tørt og kjølig, noko som er gunstig for naturtørking. I tillegg til klimaet vil det i hovudsak vere vekstforholda til bakteriefloraen på foredlingsstaden (husfloraen) som gir Kurv frå Valdres sitt særpreg.

Produserast av Kurv frå Valdres BA

Valdres landskap
Kurv fra Valdres
Kurv fra Valdres, tørkeloft