Fleire blir bønder takka vere KIL-støtta nettilbod
Takka vere Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL) har Mo og Jølster vidaregåande skule kunne utvikla sine populære nettstudiar. I dag finst det tilbod om nettbasert agronomutdanning ved 12 naturbrukskular i heile landet.
- Vi fekk mange søkjarar frå heile landet og fant ut at det ville vere betre om vi spreidde tilbodet slik at ikkje alle måtte reise hit på helgesamlingar, forklarar ansvarleg for tilbodet Knut Vebjørnsen.
Mo og Jølster vgs har hatt tilbod om nettbasert agronomutdanning for vaksne sidan 2000. Målgruppa er unge vaksne som skal bli bønder enten ved at dei skal ta over garden eller skiftar yrke. Har ein ikkje agronomerfaring vil realfagskompetansen bli vurdert.
- Dette gjør at fleire kan skaffa seg agronomutdanning dei elles ikkje ville hatt moglegheit til å tileigne seg. Tilbodet er lagt til rette for folk i jobb, seier Vebjørnsen.
Mo og Jølster vgs fekk i 2009 tildelt midlar frå m.a. KIL til eit treårig prosjekt for å utvikle tilsvarande tilbod om nettbasert agronomutdanning andre stader i landet.
Takka vere midlane frå KIL er det starta opp nettbasert agronomutdanning på følgjande stader i landet:
• Mo og Jølster vgs (Sogn og Fjordane)
• Stend vgs (Hordaland)
• Hjeltnes vgs (Hordaland)
• Søve vgs (Telemark)
• Kalnes vgs (Østfold)
• Mære Landbruksskole (Nord-Trøndelag)
• Troms Landbruksfaglige senter (Troms)
• Tana vgs (Finnmark)
• Valle vgs (Oppland)
• Tvedestrand og Åmli vgs (Aust-Agder)
• Storsteigen vgs (Hedmark)
• Jønsberg vgs (Hedmark).
Nettbasert agronomutdanning er eit studium som går over to år, og inneheld alle programområda som er med i læreplanen for Vg2 og Vg3. Studiet er ein kombinasjon av fjernundervisning via internett og samlingar på skulane. Ved årsskiftet 2011-2012 er så mange som 217 elevar i gang med studiet.
For meir informasjon om dette prosjektet og studiet kan du ta kontakt med Knut Vebjørnsen (mobil: 415 30 745 eller på e-post: knut.vebjornsen@fj.no), eller ved direkte kontakt til ein av naturbruksskulane.