Gå til innholdet

Tradisjonskost med og utan dott

-Stas å heidre Signe sine raspeballar på sjølve komletorsdag, seier statsråden.

Skrevet av Matmerk den 31.3.2017

  • Jon Georg Dale og Nina Sundqvist får servert en Spesialitet av Signe. Foto: Maren Nordtorp

-For ein vestlending er det ekstra stas å heidre Signe sine raspeballar på sjølve komletorsdag. Raspeballar er ekte, norsk tradisjonskost og smakar heilt fantastisk, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han delte ut Spesialitet-merket til Signes Raspeball for deira raspeballar med og utan flesk på Bondeheimen i Oslo.

Spesialitet garanterer deg ei unik smaksoppleving. Kva slags mat- og drikkevarer som kjem gjennom nålauge blir bestemt av ein uavhengig fagjury, som sniffar, smakar og smattar seg gjennom produkta som ynskjer å bruke merket. Fagjuryen vurderer grundig kvalitet og smak før dei tildeler Spesialitet. Om Signe sine handlaga raspeballar var juryen einige; raspeballane smakar akkurat slik komler skal smake. – Eg kunne ikkje laga dei betre sjølv, sa fagjurymedlem Britt Kåsin.

– Eg har verkeleg lagt sjela mi i raspeballane, så du kan tenkje deg at jubelen sto i taket når eg fekk den gledelege nyheita. Raspeballane har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt, og alle er laga for hand, seier gründer og dagleg leiar Signe Nydal i Signes Raspeball.

Handlaga husmannskost

Raspeball, eller komle, klubb, ball eller kompe er ekte, norsk tradisjonskost. Konsistens, tilbehøyr og om dei er fylt med flesk eller ikkje, kan variere frå bygd til bygd. Signes Raspeball held til i Førde, og har sidan1995 trilla raspeballar til lokale butikkar, hotell og kaféar for hand. No håpar Signe at Spesialitet-merket kan bidra til at endå fleire oppdagar raspeballen, i fleire delar av landet. – Spesialitet-merket synleggjer produkt med unik smak, og det trur eg kan bidra til at fleire no vil smake den herlege ballen frå Vestlandet, seier ho med eit lurt smil.

Signe sine handlaga raspeballar blir lagd av gode, norske råvarer. Poteter frå Toten, norsk kveite- og byggmjøl, Hoff potetflakes og svineflesk frå Fatland. I løpet av eit år produserer Signe Raspeball mellom 80-100 tonn raspeballar, og har ein omsetnad på fem millionar kroner. Raspeballane har ein luftig konsistens, duftar godt av potet og smakar som heimelaga.