Gå til innholdet
Foto: Getty Images
Foto: Getty Images

Ei gladhistorie om geitost

Salet av brunost svikta, og ei stund såg det mørkt ut for geitemjølkysteriet Haukeli i Telemark. Så satsa dei friskt på ein fransk vri, og laga norsk chevre...

Foto: Getty Images

- Ja, du kan seie at utviklinga her har vore eit lite eventyr, noko me er veldig stolte av.

Det smiler ein nøgd sjef ved Haukeli Ysteri i Vinje kommune i Telemark, Hans Nesheim.

I 1994 sto ysteriet i fare for å verte nedlagt. Ei maskin gjekk sund, og salet av brunost var synkande. Dei tilsette gjekk ei usikker framtid i møte.

Det var då ideen om å erstatte brunostproduksjonen med produksjon av ein fransk klassikar kom på bordet. Ideen var chevre. 

-Ei bratt læringskurve

Chèvre er fransk for "geit". I Frankrike nytast chevre som fellesnemning for ost laga av geitemjølk. Chevren frå Haukeli, den er laga av rein geitemjølk.

På meieriet fortel Hans Nesheim at det tok nokre år før optimistane i Vinje lukkast i å overtydje leiinga i Tine om å satse på norsk chevre. Og det vart ei bratt læringskurve. 

- Alt ustyret måtte skiftast. Me trudde me kunne ta i bruk all mjølk og produsere chevre omtrent på same måte som brunost, men så lett var det ikkje, seier han. 

Tilsette gjekk på kurs for å lære seg å gjenkjenne "riktig" geitemjølksmak, og i starten smakte dei på all mjølka som kom inn til meieriet. Meieriet fekk hjelp frå Gastronomisk Institutt i Stavanger, og mange ulike oppskrifter vart laga og testa ut. 

Den fyrste chevren frå Haukeli kom ut i butikk i 2002. 

Frå to til seksti tonn årleg

Det viste seg kjapt at norske forbrukarar var klare for ein norsk chevre, og produkta frå Haukeli vert stadig meir populære: Salsutviklinga har vore veldig god, seier Nesheim. 

- I 2007 produserte me under to tonn. I fjor var me oppe i omlag seksti tonn, seier han. 

Dei siste åra, frå 2007 til 2014, har salet auka med tjue prosent kvart år. Meieriet lager fleire ulike variantar av osten, både til daglegvare og storhushaldning. Naturell, kvitmugg og med ramslauk er dei tre variantane du finn i butikk, og alle tre ber det gjeve Spesialitet-merket.

Mykje av ostemassa som produserast ved anlegget, vert i tillegg eksportrert under namnet frozen curd til ein produsent i USA. 

- Dyktige bønder og tilsette 

Nesheim seier at kvaliteten på geitemjølka er avgjerande for å lage god chevre. Mjølka som vert levert til Haukeli, kjem frå bønder i Rogaland, Hordaland, Telemark, Hallingdal og Valdres. 

- Vi får landets beste geitemjølk inn hit. Leverandørane gjer ein vanvittig god innsats og er utruleg dyktige, seier meierisjefen, og han roser óg dei tilsette.

- Me ville ikkje hatt den positive utviklinga me har hatt utan så flinke og engasjerte folk som står på kvar dag, seier han. 

lokalmat_ostecompagniet_3_chevre_600x600px_ny[1]