Gå til innholdet
  • Foto: Mariell Øyre

Wien-kjeks med sjokolade

Denne britiske klassikaren har lite med Wien å gjera, men gode er dei.

Søtt og godt
Enkel
30 min
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

200 g smør, i romtemperatur
50 g melis
1 vaniljestang
200 g kveitemjøl
2 ts maizena
0,5 ts bakepulver
100 g kokesjokolade
Nøtter, hakka. Gjerne pistasjnøtter, rista hasselnøtter eller macadamianøtter

Slik gjør du det

  1. Sett ovnen på 170 grader og gjer klar to brett med bakepapir
  2. Visp smør og melis kvitt og luftig, tilsett vaniljen og visp den inn. 
  3. Sikt inn mjøl, maizena og bakepulver og bland med lett hand til du har ein jamn mjuk deig. Det er viktig at ikkje deigen blir for varm, for da held den ikkje forma i ovnen
  4. Ha deigen over i ein sprøytepose med ein mellomstor stjernetupp på, og sprøyt ut kjeksa i N-formar i ønska storleik på bakepapiret, dei esar litt ut i ovnen og blir større
  5. Steik i 10-15 minutt til dei er lett gyldne, og la dei kjøla seg heilt ned
  6. Smelt sjokolade i eit vassbad, og bruk ein pensel til å pensla sjokoladen på halvparten av kjeksa. Før sjokoladen stivnar, strø nøtter over.

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat