Gå til innholdet
  • Sommarrullar. Foto: Mariell Øyre

Sommarrullar

sommarrullar er perfekt piknikmat, eller om det er for varmt til å eingong tenka på å skru på omnen. også kan ein såklart variera i det uendelege, prøv deg fram! her er min versjon.

Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

8 rispapir
125 g glasnudlar
0,5 bunt vårlauk
2 gulrøtter
0,5 raud paprika
1 mango
1 bunt koriander
salatblad
sweet chili-saus
soyasaus eller tamari

Slik gjør du det

  1. kok nudlane som det står på pakken. kor lenge dei skal koka kjem an på kva type du har. når dei er ferdig kokte, ha dei over i eit dørslag og skyll dei med kaldt vatn til dei er kalde. la dei renna av seg.
     
  2. hakk grønnsakene. gulrøtter, paprika og mango skal vera i lange stilkar, korianderen grovhakka og vårlauken finhakka. 
     
  3. ta nudlane over på ei skjærefjøl, og kutt dei opp litt. dette gjer ein berre så dei skal vera enklare å handtera seinare. ha dei oppi ei skål, og bland dei ihop med vårlauk. tilsett sweet chili-saus og soyasaus til du finn ein smak du likar. 
     
  4.  finn fram ei skål som er djup nok til at ein kan senka eit rispapir ned i den. fyll skåla med varmt vatn. finn eit kjøkenhandkle, som du fuktar og legg på kjøkenbenken. den gjer det mykje enklare å bretta, og held rispapiret frå å sitta fast i benken.
     
  5.  legg eit rispapir i det varme vatnet. la det ligga i 10-15 sekund, til det er mjukt nok til at du kan bretta det. legg papiret på kjøkenhandkleet, det kjem til å bretta seg litt men berre brett det ut att. så skal du ha i fyllet. eg startar, på midten av papiret, med mango. så gulrot, paprika, nudlar, koriander også eit salatblad på toppen. brett så langsida over, kortsidene inn og rull den over så stramt som du kan. om dette er vanskeleg, finst det ein million videoar på youtube som enkelt viser deg vegen! 
     
  6. lag dippingsaus ved å blanda like delar sweet chili og soyasaus i ei skål, to spiseskeier av kvar brukar å halde, men smak d eg fram til ein saus du likar. så er det berre å eta! dypp i saus, og nyt.
 
Mariello_Oyre_portrett

 

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat