Gå til innholdet
  • Foto: Mariell Øyre

sjokolade- og kanelkjeks

Desse kjeksa er bra november-kjeks, sidan dei passar så godt til ein kopp te. Og med kanelen er dei akkurat nok julete til å passa i desember óg.

Søtt og godt
Enkel
1 time
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

340 g smør, i romtemperatur
330 g mjøl
4,5 ss kakaopulver
0,5 teskei kanel
0,5 teskei salt
0,25 teskei natron
225 g finkorna sukker

Slik gjør du det

  1. Sett omnen på 160 grader, og kle eit bakebrett med bakepapir.
  2. Bland mjøl, kakao, kanel, salt og natron og sett til sides.
  3. Visp sukker og smør til det er luftig og lyst. Bland blandingane ihop, men ikkje kna.
  4. Ha deigen på bakebrettet, og kjevle den ut til den er 0,5 cm tjukk. Avkjøl i kjøleskapet eller frysar til den er fast og kald, rundt 15 minutt.
  5. Prikk deigen forsiktig med ein gaffel, og steik i 20 minutt. Steiketida vil avhenga av kor tjukt du har kjevla deigen, så etter ti minutt er det lurt å holda eit auga med omnen.
  6. Medan deigen framleis er varm, bruk ein kniv eller ein pizzakuttar til å kutta den opp til kjeks. Eg valde å laga ruter med hol i, men firkantar eller strimlar funkar óg fint! Eit anna triks er å strø litt sukker over for ein litt anna finish. La kjeksa kjøla seg ned før du et dei (sjølv kor umogleg det kan virka).
     
Mariello_Oyre_portrett

 

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.
Foto: Privat
Relaterte saker