Gå til innholdet
  • Foto: Mariell Øyre

Safransnurrar

Alle safranbollar er ikkje like under loven, og desse er blanke og saftige som på kafé.

Søtt og godt
Middels
3 timer
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

Deig:
1 pk fersk gjær
80 g smør
2,5 dl mjølk
1 g safran
50 g sukker
0,5 ts salt
1 ts kardemomme, grovmala
400 g mjøl
Fyllet:
125 g smør, i romtemperatur
75 g sukker
0,5 ts kanel
1 ss kardemomme, grovmala
1 vaniljestang
Til toppen:
1 egg
1 dl sukker
1 dl vatn

Slik gjør du det

  1. Strø gjæren i ein stor bolle
  2. Smelt smøret i ei panne, og tilsett mjølk og safran. La temperaturen komma til fingervarme (37 grader), og tøm det så over gjæren. Med ein liten visp, visp til all gjæren er oppløyst. 
  3. Tilsett sukker, salt, kardemomme og mjøl, og kna deigen i ca 10 minutt til den er smidig og jamn. Ha plastfolie over bollen og la deigen heva på ein lun plass i ca 1 time, til den er dobla i storleik
  4. I ein liten bolle, skrap ut frøa av vaniljestanga og bland desse med resten av ingrediensane til fyllet. La det stå i romtemperatur til deigen er ferdigheva. Kle 2 bakebrett med bakepapir.
  5. Når deigen er ferdigheva, kan du strø eit tynt lag med mjøl på bordet og kjevle den ut til eit stort rektangel, ca 85 cm brei og så tynt du klarar, eit par millimeter er fint. Bruk ein sleikepott til å spre fyllet over heile rektangelet. 
  6. Brett heile deigen halvt mot deg sjølv, så du framleis har ein 85 cm brei deig, men halvparten så djup. Bruk ein kniv eller deigkuttar til å dela opp i 18 like store strimler. Eg bruker å dela rektangelet i halvt, også dela kvar halvpart i 3 og kvar tredjedel i 3. 
  7. Bruk kniven/deigkuttaren til å splitta kvar bit (altså kvar av dei 18 bitane) i to nesten heilt opp, la det vera att eit par centimeter i toppen så biten ser ut som ei bukse. Ta begge buksebeina og snurr dei utover mot kvar sin kant til du har godt med krøllar på kvart bein. Så kan du snurra begge buksebeina, frå kvar sin kant, rundt toppen. Det tek litt øving, men blir veldig fint! 
  8. Legg bollane på bakebrett, pensle dei forsiktig med eit piska egg og la dei heva under kjøkkenhandkle i ca 45 minutt. 
  9. I ei lita panne, kok opp 1 dl vatn med 1 dl sukker, visp til alt sukkeret er oppløyst og sett den til side. 
  10. Ca 10 minutt før hevetida er over, sett ovnen på 220 grader. 
  11. Steik bollane i midten av ovnen i ca 13-17 minutt, til dei er lett brune på toppen. Straks dei er ute, ha dei over på ei rist og bruk ein pensel til å pensla dei med sukkerlaken.

TIPS: desse held seg godt i mange dagar i ein pose i kjøleskapet, og om dei skulle bli litt tørre kan du ha dei i ovnen ei lita stund så er dei gode som nye igjen.

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat