Gå til innholdet
  • Foto: Mariell Øyre

Kladdkaka

Denne kaka er ei herleg treeining: den tek ingen tid å laga, produserer ingen oppvask og er så god at folk alltid spør om oppskrifta.

Søtt og godt
Enkel
30 min
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

100 g mørk sjokolade (60-70%)
200 g smør
5 dl sukker
4 egg
4 ts vaniljesukker
2 lime, saft
3 dl kveitemjøl

Slik gjør du det

Syra frå limen balanserer sjokoladen perfekt! Den er mektig, så server den anten med vaniljeis, piska krem eller til nokon som elskar sjokolade.

  1. Sett omnen på 175 grader, og kle ei kakeform (20-22 cm) med bakepapir. Knekk egga i ei skål, visp dei og sett den til side.
  2. Smelt smør og sjokolade i samme panne på middels varme. Ta panna av varmen, og ha oppi sukker, egg, vaniljesukker, mjøl og lime-saft og bland til det er akkurat blanda. Ikkje bland for mykje, berre til mjølklumpane er vekk.
  3. Steik i 25-30 minutt midt i omnen, her kjem det an på kor klissete du vil ha kaka di. Om du skal servera den i stykke, la den stå i minst ein time med aluminiumsfolie over og setta seg ordentlig før du prøver å skjæra i den (som namnet tilseier skal den vera rimeleg deigete). Viss ikkje er det jo den perfekte kaka å eta rett ut av forma med ein gaffel. Server uansett med vaniljeis og eit dryss melis over! 
     
Mariello_Oyre_portrett

 

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.
Foto: Privat