Gå til innholdet

Kjærleiksscones

-Eg kan ikkje tenka meg noko finare enn å stå opp litt før han, laga til eit fint frukostbrett og lista meg inn på soverommet med tente lys.

Småretter
Enkel
1 time
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

225 g mjøl
3 ts bakepulver
0,5 ts salt
50 g smør, i terningar
4 ss muscovadosukker
1 dl + 1 ss yoghurt naturell eller gresk yoghurt
piska egg til å pensla og demerarasukker til å strø på toppen

Slik gjør du det

Her i huset er me forsiktige på valentinsdagen. Me gir ikkje gåver eller går på restaurant, det er ikkje blomsterbukettar eller champagneflasker. Men eg kan ikkje tenka meg noko finare enn å stå opp litt før han, laga til eit fint frukostbrett og lista meg inn på soverommet med tente lys.
 

  1. Sett ovnen på 200 grader. Bland mjøl, bakepulver og salt i ei skål. Ha i smøret, og press det inn i mjølblandingen til du har ein sand-lignande konsistens.
  2. Tilsett smør og sukker, og bland med ei sleiv til du har ein smidig deig. 
  3. Kjevle blandingen ut til den er rundt 2 cm tjukk, og stikk ut scones med eit glas eller ei form. For å få finare kantar brukar eg å kjevla tynnare, pensla veldig lett med yoghurt mellom også bretta over, men det kan altså gjerast enklare.
  4. Legg sconesa på eit bakepapirkledd bakebrett, pensle dei med egg og strø over litt demerara-sukker.
  5. Steik midt i omnen i rundt 15 minutt, og nyt dei helst ferske med syltetøy og vellagra ost.
Mariello_Oyre_portrett

 

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.
Foto: Privat