Gå til innholdet
  • Foto: Mariell Øyre

Kaldheva rundstykke med rug og valmuefrø

Så ein kan sova lenge OG eta nybakt til frukost

Småretter
Enkel
Ca ett døgn
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

500 g kveitemjøl
100 g rugmjøl
600 g vatn
10 g salt
10 g tørrgjær
Valmuefrø
Ekstra kveitemjøl

Slik gjør du det

  1. Bland alle dei oppmålte ingrediensane i ei kjøkkenmaskin, og elt den i 25 minutt. Overfør deigen til ei olja stor skål, dekk med plastfolie og sett den i kjøleskapet. La den stå i 12-18 timar. 
  2. Sett ovnen på 240 grader varmluft / 260 grader over- og undervarme. 
  3. På kjøkkenbenken, legg eit lag med mjøl og strø valmuefrø over. Tøm deigen ut på mjølet, og strø eit lag mjøl og eit lag valmuefrø over heile. Med ei deigskrape, del forsiktig opp i rundstykke og ha over på eit bakepapirkledd bakebrett. 
  4. Steik i midten av ovnen i 12-15 minutt, til dei har fått bra med farge, og server!

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat