Gå til innholdet
  • Grilla portobello-burger. Foto: Mariell Øyre

Grilla portobello-burger

Vegetarburger kan vera eit vanskelig område å navigera seg i, så eg syns det aller beste er å holda det enkelt, og køyrer på med marinert sopp som eg så hiv på grillen.

Småretter
Middels
30 min
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

4 portobellosopp
2 ss balsamicoeddik
1 ss olivenolje
1 ss soyasaus
1 ss fersk timian

Slik gjør du det

Dette er altså eit blankt lerrett som du kan eta akkurat som du vil, men etter mi meining er det beste; å servera i brioche-burgerbrød med grilla halloumi eller smelta cheddar eller chevre, litt salat, kanskje ei tomatskive, løkmarmelade under topplokket også bakte søtpotetbåtar ved sidan av. Det kallar eg ein bra veggisburger, og ingen går svoltne eller svake frå bordet.

 

  1.  Bland eddik, olje, soysasaus og timian i ei stor skål. 
  2.  Skjær "føttene" av soppen, så du berre har koppen igjen.  
  3. Legg soppen nedi skåla, og bland forsiktig rundt så soppen får eit jamnt lag med marinade på seg. Ta soppen ut og legg på eit fat, og la den marinera i rundt ein halvtime. Kvart femte minutt eller så kan du bruka ein pensel og pensla tilbake all marinaden som renn av soppen medan den står, pass spesielt godt på at soppen har marinade mellom alle riller på undersida.
  4.  På ein grill, eller i ei grillpanne, steik soppen 5-7 minutt på kvar side og pensle dei med marinade når du snur, og server etter ynskje! 


    Okologisk portobellosopp mariell oyre hjartesmil matmerk





 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mariello_Oyre_portrett

 

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat