Gå til innholdet
  • Asiatisk salat med nudlar. Foto: Mariell Øyre

Asiatisk salat med nudlar

denne asiatiske salaten er perfekt på varme dagar når ein vil ha noko ordentlig å eta men ikkje kan tenka seg noko varmt, den er trygg og frisk samtidig, og alle som eig ein kniv klarar å laga den. om ein lagar den med risnudlar og tamari er den óg glutenfri, for dei som treng det.

Småretter
Enkel
10
Få oppskrift på e-post
X
E-post:
 

Ingredienser

porsjoner

110 g glas- eller risnudlar
0,5 raud chili
1 raud paprika
2 gulrøtter
2 dl strimla salat
0,75 agurk
0,5 mango
1 bunt koriander
1 dl usalta peanøtter
olje
salt

dressing
2 ss sweet chili-saus
2 ss soyasaus eller tamari
saft frå 1 lime

Slik gjør du det

  1. kok opp nudlane etter instruksjonar på pakka. kor lenge dei skal koka kjem an på kor tjukke nudlar du har. la dei renna av og kjølna seg ned medan du gjer resten.
  2. kutt opp agurken i små kvadrat, rundt 1/2 cm. grovhakk korianderen. fjern frøa frå chilien, og finhakk den. kutt alle dei andre grønnsakene i tunne strimler. 
  3. varm opp ei spiseskei vegetabilsk olje i ei panne, og ha peanøttene i. dytt dei rundt i panna til dei får litt farge. salt dei lett med havsalt og grovhakk dei. 
  4. ha nudlar, chili, paprika, salat, gulrøtter, mango, koriander og peanøtter i ei stor skål, og bland dei lett. 
  5. bland ein dressing av sweet chili-saus, soyasaus og lime, og hell over salaten. bland godt, og et!