Gå til innholdet

Min økologiske hage

Skrevet av Mariell Øyre den 21.2.2017

Gjesteblogger Mariell involverer hele familien på reisen til egen økologisk kjøkkenhage.

Eg har aldri drøymt om ein kjøkenhage, og hadde omtrent aldri sett ein heller før eg var midt i tenåra. I industribygda der eg er ifrå, er det ikkje heilt det store, der står rusta trampoliner og utemøblar i hagane til folk, iallefall der eg har farta. Eg kan hugsa å ha plukka rabarbra, dyppa han i sukker og skore grimasar medan eg åt han, eg har eit vagt minne av å ha plukka sukkererter og ete dei ut av belgen. Men alle andre grønnsaker; dei var fra butikken. 

Då eg var nitten år peika eg på gulrøtter det framleis var gras og litt jord på, i butikken, og sa noko sånt som "SÅ SØTE DEI ER". Jostein, mannen min, himla med auga så mykje han berre klarte, for han kjem frå gard og har tynna gulrøtter sidan han var gamal nok til å bruke tommel og peikefinger som klype. 

Då me flytta til London i 2011 var eg stormforelska i det urbane, i å kunna få tak i alle frukter og grønnsaker til alle tider på året. Men etter kvart som interessa for mat auka, auka òg lidenskapen for årstidene og alt dei har med seg; fascinasjonen for avling og lysta på jord under fingerneglene. Me gjekk på Bondens Marked og såg kor stolte folk var av å kunna selja mat dei sjølv hadde dyrka, såg kor kunnskapsrike dei var og lystne på å dela av han. Og etter kvart som åra gjekk, kom heimlengten òg sigande. Eg ville heim til Noreg, til det norske, til tjukklabbar og eigne poteter. 

Så me flytte heim. Ikkje til industribygda, men til garden til svigerforeldrene mine. Ein gong i tida har det vore både kyr og høner her, og i barndommen til Jostein var det alltid sau i fjøset. Men no dyrkar foreldra til Jostein berre økologisk høy, som dei sel til økologiske bønder i området, og så har me nabosau på beite her om sommaren og hausten. 

Her er min vesle familie. Det er meg, Mariell; mannen min, Jostein; og dotter vår, Saga, som er sju månader gammal. Me flytte heim frå London i april i fjor, Saga vart fødd i juli, og no er me bokstavleg tala klare til å slå røter her. Raudbetrøter og pastinakkrøter og kirsebærtomatrøter.

Kva kan eg? Ingenting. Men eg er klar for å læra av både oppturar og nedturar, og eg veit at eg har alle føresetnader for å klara det. Og eg gler meg til alt. Snart skal me forkultivera frø, som seinare skal få flytta ut i eit drivhus me endå ikkje har bygd. Me skal fresa opp jord, finna ut korleis artane me har planlagt å så passar ihop med kvarandre, både setja ut planter og så frø rett i jorda. Og så skal eg dela alt her, alt som går rett og alt som går gale. 

I dette prosjektet kjem de òg til å treffa tre andre par, og deira avlingar:

Dette er foreldra mine. Dei har aldri hausta noko frå eigen hage og ete det, og då eg fortalte veslesøstera mi at mor og far vår skulle vere med på dette, så lo ho så høgt, så høgt. Dei bur i firemannsbolig med ein mellomstor hage, og skal så frøa sine i pallekassar. Der skal dei ha gulrøtter, salat og ulike typer urter. Kryss fingrane for dei!

Her er Hans og Sofia, dei er kjærastar som møtte kvarandre på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Hans er fetteren til mannen min, og no i vår flyttar dei heim til garden Avdem i Gudbrandsdalen. Der skal dei dyrka to dekar grønsaker, for å selja i prosjektet "Avdem Gardsgrønt". Sofia var ferdig utdanna agronom i 2014, og Hans blir uteksaminert no i vår.

Så kjem me til svigerforeldra mine, Anna Jorunn og Jan Olav. Dei er naboane våre og støttespelarar i dette. Dei har hatt eigen kjøkenhage i tusen år, og er drevne på vekseldrift og kompostering. Kjøkenhagen deira kjem til å komplementere vår og vice versa, og me kjem til å snika til oss råvarer hjå kvarandre.

Mariell Øyre er 24 år og driver bloggen hjartesmil. Hun er norsk og bor i London. I tillegg til å være blogger er hun også fotograf, skribent, journalist og redaktør. Og så er hun glad i å lage mat selvfølgelig.

Foto: Privat